Ragnhild (75) bur åleine på aude fjellgard

Ragnhild (75) bur åleine på fjellgård: – Her blir eg verande så lenge eg kan

Ragnhild Jegteberg er 75 år og bur stort sett åleine saman med dyra på ein aude fjellgard. Her har ho budd nesten heile livet, og ho har ingen planar om å flytte.


<b>LIVET TIL FJELLS:</b> Ragnhild har ingen planar om å flytte frå garden på Fatland. Her passer ho på sauer og geiter og fyk til fjells så snart ho kan.
LIVET TIL FJELLS: Ragnhild har ingen planar om å flytte frå garden på Fatland. Her passer ho på sauer og geiter og fyk til fjells så snart ho kan. Foto: Gunn Gravdal Elton
Publisert

Det er framleis tidleg vår då eg køyrer opp dei bratte bakkane heim til Ragnhild Jegteberg.

Kyr og kalvar er allereie ute frå fjøset og ligg dovne og kosar seg i vårsola langsmed grusvegen.

Sauene og geitene til Ragnhild og sonen Jens er derimot ikkje klare for sommarbeite enno, då vi kjem på besøk.

Lamminga er framleis i full gang inne i fjøset, og dei lamma som allereie er komne, er for små til å gå fritt ute.

Her oppe, høgt over Åkrafjorden, er det kort veg opp til sultne rovdyr som ventar på eit bytte.

Ei ørn flyg over meg og speidar håpefullt ned mot bakken etter dyr på beite.

<b>HØGT DER OPPE:</b> I dag går det veg heilt opp til garden, men då Ragnhild var liten, måtte dei bruke beina eller stå på ski til og frå skulen.
HØGT DER OPPE: I dag går det veg heilt opp til garden, men då Ragnhild var liten, måtte dei bruke beina eller stå på ski til og frå skulen. Foto: Gunn Gravdal Elton

– Det er ni ørner her no. Det forsvinn lam kvar sommar, ­seier sonen Knud Jegteberg, som er på besøk heime på garden.

Han bur i Thailand om vinteren. Når våren kjem, er han heime for å hjelpe til.

<b>DRENGEN:</b> Sonen Knud er heime frå Thailand, kor han bur vinterhalvåret. Kvar sommar og haust hjelper han til på garden.
DRENGEN: Sonen Knud er heime frå Thailand, kor han bur vinterhalvåret. Kvar sommar og haust hjelper han til på garden. Foto: Gunn Gravdal Elton

Det er broren Jens som har overtatt garden etter foreldra, men garden er for liten til å leve av åleine. Jens har derfor arbeid ved sidan av, og er mykje borte. Då er Ragnhild åleine med dyra.

• Garden ligg på Fatland, i Kvinnherad kommune i Vestland

• Den ligg drygt 200 meter over Åkrafjorden

• Fjorden er ein arm av Skånevikfjorden, som er ein del av Hardangerfjorden

Se mer

Koppelam

No sit Knud og Ragnhild i solveggen og drikk kaffe, men dei sit ikkje lenge i ro.

– Nei, no må vi snart inn att i fjøset for å sjå etter fleire nyfødde lam, seier Ragnhild.

75-åringen har ingen planar om å gje seg som gardbrukar og dyrepassar. Det er jo dette ho kan, det er dette som er livet.

<b>NYTT LIV:</b> Ragnhild har budd på garden sidan ho var 12 år gamal. Kvar vår kjem det nytt liv i fjøset.
NYTT LIV: Ragnhild har budd på garden sidan ho var 12 år gamal. Kvar vår kjem det nytt liv i fjøset. Foto: Gunn Gravdal Elton

Og inne i fjøset har det kome nye lam til verda. Ein sau har fått trillingar. Ein annan har fått eitt bittelite lam og eitt stort.

Ragnhild reknar med at det eine lammet vil trenge hjelp frå flaske for å overleve. Ho har eit trena auge for kva som går føre seg inne i fjøset.

Ragnhild har passa dyr siden ho var ein neve stor og budde i Haukeligrend, i Vinje i Telemark, eit par–tre timar unna.

Les også (+): Alma bar på en grusom historie

Kom frå Austlandet

Utsikten mot Kyrping, Etne og Skånevik er makalaus frå tunet på Fatland. Åkrafjorden skjer seg inn mellom dei bratte fjella.

Men vegen hit er lang og smal, og den endar berre eit par kilometer forbi garden. Så du kjem ikkje hit som tilfeldig forbipasserande.

Ein tur til Fatland er for dei spesielt ­interesserte og for fastbuande. Den var lang for Ragnhild og familien òg.

– Pappa var frå Ringsaker og mamma frå Jessheim. Dei dreiv andre sine gardar og pakta seg vidare, heilt opp hit. Pappa ga 25.000 kroner for garden. Det var mykje pengar den gongen, seier Ragnhild.

Det var i 1959 at faren kjøpte garden på Fatland, og året etter flytte Ragnhild hit, 12 år gamal.

Garden ho kom til låg ulendt til og krevde hardt ­arbeid. Men endeleg skulle dei få drive sin eigen gard, i staden for å forpakte andre sine.

Sjølv om det venta mykje arbeid, var gleda stor. Ragnhild var berre 12 år, men var likevel oppe tidleg kvar morgon for å mjølke kyrne før ho gjekk på skulen.

<b>UNG BUDEIE:</b> Ragnhild har mange somrar bak seg som budeie på stølen. Her er ho med ein av dei største bukkane ho har passa.
UNG BUDEIE: Ragnhild har mange somrar bak seg som budeie på stølen. Her er ho med ein av dei største bukkane ho har passa. Foto: privat

– Det er nok ikkje mange 12-åringar som hadde gjort det i dag. Men så har eg alltid vore glad i dyr.

Les også: Da Evy var 10 år gammel, skjedde det noe som merket henne for livet

Gift som 16-åring

Den gongen var det tre andre småbruk her. Men snart blei familien verande att åleine. Berre to ungkarar blei buande.

Ragnhild følte eit ansvar for å sjå etter dei to, heilt til den siste av dei blei henta med ambulanse og aldri kom attende.

Ein av dei som tidlegare hadde budd på nabogarden, var Kjell Jegteberg. Han flytta frå plassen då han var fire år gamal, lenge før Ragnhild kom.

Men sjølv om han ikkje lenger budde der, fant dei to unge kvarandre likevel.

– Familien flytta ned til folk og dreiv post og butikk og hadde skysstilbod til og frå bygda. Vi gifta oss då eg var berre 16 år, fortel Ragnhild.

Ho vart altså raskt gift, slik dei ofte måtte på den tida. Snart fulgte fem ungar og eit hektisk, godt liv på fjellgarden.

<b>AKTIV:</b> Ragnhild er vant med hardt arbeid og lange fjellturar. I mange år var ho på stølen på Haukeli kvar sommar for å passe geiter. Her er ho saman med to av barna.
AKTIV: Ragnhild er vant med hardt arbeid og lange fjellturar. I mange år var ho på stølen på Haukeli kvar sommar for å passe geiter. Her er ho saman med to av barna. Foto: Gunn Gravdal Elton

– Men kor møtte du han, då?

– Det var jo ikkje veg den gongen, men me gjekk over alle haugar for å komme oss ned til Baugstranda, der det var eit tilbygg på skulen. Under tilbygget hadde me ein kassettspelar og musikk som me dansa til. Der møtte eg Kjell, og det vart oss to, seier Ragnhild.

Les også: Da Jon reiste seg for å gå, forsto Elodie at hun ikke kunne la ham forsvinne. Det ble starten på et fruktbart eventyr

Frisk og rask

Ragnhild og Kjell hadde mjølkegeiter. Om sommaren frakta dei dyra til stølen på Haukeli, der Ragnhild var med geitene kvar sommar i 25 år.

– Men då var eg så lei av å sjå alle geitene som blei påkøyrde av bussar og bilar. Det var vondt at dyra skulle lide så mykje. Mange sjåførar køyrde berre frå dei og lot dyra ligge, seier Ragnhild, som sidan har latt dyra beite i fjella heime.

Alderen ser ikkje ut til å bite på Ragnhild. Ho er frisk og rask og spring framleis lett i fjella. Kvar einaste topp du kan sjå frå garden, har hatt Ragnhild på besøk.

To gonger har ho reist ut av landet. Ein gong til Sverige og ein til Tyskland.

– Det var meir enn nok. Eg er ikkje spesielt glad i å reise. Men dei to reisene var for å lære og for å sjå på geiter, ellers hadde eg aldri reist, seier ho og ler av seg sjølv.

Eit strev

63 år som budeie og gardkjerring har satt sine spor. Og spora etter Ragnhild kan du stort sett ­finne i fjella kring Åkra­fjorden mellom Etne, Fjæra, Rosendal og Åkra.

– Her har eg innlagt strøm og vatn. Så lenge eg er frisk og rørleg og kan vere til nytte, vil eg hjelpe til her på garden. Eg er ikkje engsteleg for å bu her oppe. Eg har hatt blodpropp ein gong, men eg kan jo ikkje gå rundt og tenk at eg skal bli sjuk, seier ho.

<b>I STOVA:</b> Ragnhild har det heimekoseleg i huset ho bur i på garden, men det er naturen og livet utandørs ho likar best, og som gjer at ho blir buande.
I STOVA: Ragnhild har det heimekoseleg i huset ho bur i på garden, men det er naturen og livet utandørs ho likar best, og som gjer at ho blir buande. Foto: Gunn Gravdal Elton

Ragnhild gjer best nytte for seg utandørs. For inne vil ho helst ikkje gjere så mykje.

– Eg er ikkje husleg, det har eg ­aldri vore. Eg var helst med far min ute då eg vaks opp. Eg vil heller jobbe ute enn å vaske inne, sier ho.

Då Ragnhild voks opp, var det lang veg til butikken. Først måtte ho gå den lange vegen ned mot sjøen, der varer kom med båt frå Kyrping på andre sida av fjorden.

Dei 50 kilo tunge sekkene måtte fraktast på hest med kløv. Så var det å gå opp bakkane igjen.

– Då eg kom hit, gjekk me på ski opp bakkane frå skulen. No finst det jo nesten ikkje snø meir. Ikkje slik som det var før, då snøen låg ein meter høg og me hadde garden full av born og vaksne som gjekk på ski.

Les også: Den falleferdige seteren var umulig å redde. Da fikk Bente Kristin en idé

Krangla ofte

Kjell og Ragnhild fekk fem barn på 10 år. Om han hadde fått leve, ville dei kunne feire diamant-bryllup i år.

– Me krangla både titt og ofte, eg og han, men du må jo kunne tåle litt. I dag kan ein berre pakke og reise, seier ho, og legg til:

– Men det var ikkje berre å reise med fem små, og det er ikkje alltid det beste heller. Me hadde eit godt liv saman, Kjell og eg. Og ungane – dei sat aldri i ro med ein mobiltelefon, slik dei gjer i dag. Då dei vaks opp, var dei høgt og lågt. Gjekk på ski, jakta, fann på aktivitetar ute …

Garden til Kjell og Ragnhild, som sonen Jens no eig, er på 5000 mål. Det meste består av fjell og utmark.

I tillegg til alle dyra, driv familien med utleige av jaktrettar. 160 jaktløyver og 30 jaktterreng lokkar jegrar frå heile landet til Fatland.

<b>GARDSLIVET:</b> Heime på garden har Ragnhild ansvar for kring 180 dyr. Etter lamminga om våren får dei gå på beite i fjella i nærområdet.
GARDSLIVET: Heime på garden har Ragnhild ansvar for kring 180 dyr. Etter lamminga om våren får dei gå på beite i fjella i nærområdet. Foto: Gunn Gravdal Elton

– Om hausten er garden full av folk som skal på jakt. Dei kjem i puljer og bur på garden, til mor si store glede. Ho ­pratar med alle, og jegrane ­pratar vel så gjerne med ho som med oss, seier Knud, som er guide på turane.

Ofte kjem dei heim til garden med godt hjortekjøt. Då får dei servert ekte lokalmat laga på gamalt vis og tilberedt på staden frå botnen.

Les også (+): Da Olaug solgte leiligheten, fikk hun en overraskelse som snudde livet hennes på hodet. Så rammet et nytt sjokk

Solid og ekte mat

– Eg trur folk et altfor usunn mat i dag. Her heime kjøper vi ikkje middagsmat. Vi lager alt sjølv, seier Ragnhild.

Ho fortel at ho sjølv et mykje fisk som er fiska i fjorden.

– Vi slaktar sau og kje og lagar eigne pølser. All maten er rein. Derfor er me så spreke som me er, trur ho.

Ho er overtydd om at all halvfabrikata og ferdigmaten som finst i dag, ikkje er bra.

– Det finst ikkje mykje mat som er så godt som kje-kjøt i brun saus med potet til, seier Ragnhild, som ikkje har problem med å ete dyra ho steller til dagleg.

Det er slik det er og slik det skal vere. Matauk kan ein finne kor som helst, like i nærleiken.

– Me gjekk alltid i elvane og fiska, plukka bær og laga mat me fekk tak i, seier Knud.

– Og så plukker me mykje tyttebær som me deler med dei eldre som ikkje lenger kan plukka sjølv, legg han til.

– Hvis du var ung i dag, ville du likevel valgt å leve slik?

– Å ja – det er jo dette som er livet. Folk spør meg om eg ikkje vil vere i Rosendal, der eg har ein leilegheit. Men kva skal eg gjere der? Gå att og fram i gatene? spør Ragnhild tilbake.

Denne saken ble første gang publisert 13/08 2024.

Les også