Inger Marie elskar livet som fiskar

– Dei kallar meg jentungen eller «tanto»

Heile livet har Inger Marie fulgt i faren sine fotspor, og i dag er det ho som styrer skuta. Kven som skal overta dei to båtane etter ho, er allereie bestemt – men om neste generasjon skal følgje i hennar fotspor, er ho ikkje så sikker på.

<b>LIVET PÅ SJØEN:</b> Inger Marie fiskar kvar dag, utanom fredagen.
LIVET PÅ SJØEN: Inger Marie fiskar kvar dag, utanom fredagen. Foto: Gunn Gravdal Elton
Publisert

Sola skin over den lille bygda Høyland, sør på Sotra utanfor Bergen.

Den varme sommarvinden har ikkje festa grepet enno. Vinden bles kaldt, og det har berre så vidt byrja blomstre i hagen hos Inger Marie Høyland Kleppe (35).

Men snart skal bestemor sine ­stauder igjen pryde hagen foran barndomsheimen.

Bak den store garasjen står ein mann i raud kjeledress og blandar sement.

Det er far til Inger Marie, Knut Magne Høyland (71). Han har alltid noko å gjere. Ifølge dottera kan han alt.

– Det meste eg kan, har eg lært av han. Eg er så glad for å ha pappa i livet mitt, seier Inger Marie, som har faren buande berre nokre skritt unna sin eigen bustad.

– Me er så heldige som har kvarandre. Eg likar meg best saman med pappa og klarer ikkje å sjå for meg eit liv utan han. Pappa har alltid vore der for meg og har hjulpe meg opp igjen når eg har vore sjuk eller langt nede. Han får meg alltid på beina igjen.

<b>EI KLIPPE:</b> Inger Marie Høyland er sterkt knytta til pappaen sin. – Eg kan ikkje tenke meg eit liv utan pappa. Han er mi klippe, seier ho.
EI KLIPPE: Inger Marie Høyland er sterkt knytta til pappaen sin. – Eg kan ikkje tenke meg eit liv utan pappa. Han er mi klippe, seier ho. Foto: Gunn Gravdal Elton

Saknar pappa

Inger Marie er fiskar på heiltid. Som far sin har ho valt å leve av det havet gir.

Kvinnelege fiskarar

• I 2022 var 432 kvinner registrerte med fiske som
hovedyrke.

• Det var ein auke på ni prosent frå 2021.

• 138 av desse var under 30 år.

Kjelde: Fiskeri­direktoratet

Ho har to båtar og kan i periodar vere lenge ute på sjøen, heilt åleine.

Det trivst ho med, sjølv om ho saknar pappa og dei to ungane når ho er borte.

– Medan ungane var små, fiska eg berre her ute i fjorden. Eg drog heim i tide til å hente barna i barnehagen og lage middag. Men dei siste fem åra har eg fiska nordpå og vore borte i lengre periodar, seier Inger Marie.

Ho prøver å beskrive kva som får ho til å velje sjøen.

– Eg har lurt litt sjølv på kva det er som lokkar meg ut. Men i år, medan eg var på fiske i Finnmark og fekk girhavari, hadde lite mat og ein båt som tok inn vatn i dårleg vêr, då forsto eg kvifor eg vil dette, seier ho og forklarer:

– Det er fordi eg elskar å vere på sjøen saman med far min. Å dra ut på fiske åleine kan vere fint, men det er ikkje det same utan pappa. Då eg forsto det, måtte eg heim og hente han og ta han med nordover på ein luftetur med båten.

Les også (+): I et halvt år drev Einar på havet. Sjokket kom først da han kom hjem

Nært forhold

Inger Marie smiler litt av seg sjølv. Pappa er ein så sterk del av livet hennar. Han har alltid vore der. Alltid tatt ho med.

<b>PAPPAJENTE:</b> Det var alltid pappa og jentungen. Inger-Marie fekk bli med overalt. Eit liv utan pappa er ikkje noko godt liv, ifølge Inger-Marie.
PAPPAJENTE: Det var alltid pappa og jentungen. Inger-Marie fekk bli med overalt. Eit liv utan pappa er ikkje noko godt liv, ifølge Inger-Marie. Foto: Gunn Gravdal Elton

Livet hans var på sjøen, enten i fiskebåt eller som skipper på dei lokale ferjene.

Allereie då Inger-Marie var ni år gamal, fekk ho legge den store ferja til kai. Pappa sto bak med ei hand på rorspaken.

Då mora flytta ut, var det Inger-Marie som tok seg av ­faren og fekk han på beina igjen. Ho vaska hus og laga middag, ho delte ein kaffekopp med han kvar dag og fekk han etter kvart med på turar som blei lengre og lengre. Inger Marie svikta ikkje.

Les også: Lotte (24) får ofte blikk og kommentarer. Nå drømmer hun om barn nummer tre

<b>KAFFEKOS:</b> Kvar morgon drikk dei to kaffe saman. Inger-Marie si dotter Ida liker og å være saman med morfar.
KAFFEKOS: Kvar morgon drikk dei to kaffe saman. Inger-Marie si dotter Ida liker og å være saman med morfar. Foto: Gunn Gravdal Elton

Fekk ho på beina att

Det gjorde heller ikkje Knut Magne, då Inger Marie blei alvorleg sjuk for åtte år sidan.

Sju operasjonar og lang og omstendeleg rehabilitering måtte til før ho kom seg på beina igjen. Pappa var der heile tida.

– Eg har vore mykje sjuk. Eg opplevde ein totalkollaps etter ei handballtrening i 2016, seier ho.

Tida etter sjukehusopphaldet, var tøff.

– Eg kunne ikkje snakke, eg sleit med å gå, hadde vanskar med å ete. Pappa kom kvar morgon og hjalp meg ut av senga, fekk meg over terrassen og bort til han, der han hadde trakta kaffe, minnest ho.

– Etter nokre veker, hjalp han meg så eg fekk kome meg ned i båten. Han ga aldri opp, og etter eit år var eg på beina igjen. Ikkje like god som før, men eg kan dra på fiske igjen.

Les også: Ett valg forandret livet: Da livet var på det mørkeste, fikk Geir Kåre en melding fra Marte

Saknet blei for stort

Inger Marie er ei sjølvgå­ande dame. Ho har i dag delt ansvar for barna Ida og Elias, som vekslar på å bo hos henne og far sin.

<b>GODT SELSKAP:</b> Inger Marie var så lykkelig for at sønnen Elias kom opp og var på sjøen med henne i vinter.
GODT SELSKAP: Inger Marie var så lykkelig for at sønnen Elias kom opp og var på sjøen med henne i vinter. Foto: Gunn Gravdal Elton

Om ho nokon gong skulle finne seg ein ny mann, må han tåle at svigerfar følgjer med på kjøpet.

– Når eg og pappa ikkje er i lag, ringer vi til kvarandre kvar dag for å seie god morgon eller god natt. Sist eg og ungane dro på ferie til Voss, hadde vi leigd hytte og skulle vere der ei veke. Men etter tre–fire dager lengta vi heim til pappa og morfar, seier Inger Marie og ler.

– Ungane og eg er utruleg glad i kvarandre, men vi må ha pappa der og.

<b>GOD MAMMA:</b> Ida er 12 år og er trygg i mamma sin famn.
GOD MAMMA: Ida er 12 år og er trygg i mamma sin famn. Foto: Gunn Gravdal Elton

– Men kva er det som er så spesielt med denne pappaen din?

– Han er jo så snill. Og så kan han alt. Han er jordnær, flink og snakkar alltid så godt om alle andre, listar Inger Marie opp og held fram:

– Han har lært meg at alt er mogleg, men at du må jobbe mykje for å oppnå det du vil. Eg hadde ikkje hatt to fiskebåtar og denne garden eg bur på, om ikkje pappa hadde lært meg det eg kan. Når eg er lei meg, så løfter han meg opp og gir meg trua på at eg får det til, seier ho.

Les også: Alexander var lei av det evige maset i hverdagen og tok et eventyrlig valg – slik går det med dem nå

Første kvinne i styret

Inger-Marie er på mange måtar ein banebrytar. Ikkje berre er ho åleinemor og fiskar åleine med eigen båt, men ho er kvinne i eit mannsdominert yrke.

– Dei kallar meg jentungen eller «tanto», seier ho og ler.

Ho har friske meiningar og ivrar for å gjere fiskerinæringa tryggare og betre, også for kvinner.

Inger-Marie Høyland Kleppe har drive med fiske sidan ho var 14 år, og sjølv i periodar då ho hadde andre jobbar, måtte ho ut på havet for å dra garn kvar ettermiddag og kveld.

Ho blir lei seg dei dagene ho ikkje kjem seg ut med båten.

– Eg fiskar kvar dag, men aldri fredagen. Då held vi oss heime.

Ho blei valt inn i styret i Øygarden og Sotra Fiskarlag i 2021, som aller første kvinne.

– Hvis du vil bli rik, bør du arbeide på trål. Hvis du vil leva, fisker du sjølv med eigen båt. Eg hadde ikkje blitt fiskar om eg ville bli rik, seier Inger-Marie.
– Hvis du vil bli rik, bør du arbeide på trål. Hvis du vil leva, fisker du sjølv med eigen båt. Eg hadde ikkje blitt fiskar om eg ville bli rik, seier Inger-Marie. Foto: Gunn Gravdal Elton

Ho var og første kvinne i styret til Vest-Norges Fiske­sals­lag. Det var eit sjumils­steg vekk frå dei som meiner at kvinner ikkje hører heime på båt. For dei finst.

Ho er på sjøen 330 dager i året og er stolt reiar for båtane «Krossfjordfisk» og «Høylands jento». I tillegg har ho ein lysebåt til makrellfiske – altså ein eigen båt med kraftige lyskastarar, som blir nytta til å tiltrekke fisken.

Livet på sjøen kan vere stormfullt og slitsomt, men det kjem dagar då kjensla av lukke er overveldande.

– Når det er høg sjø og ­fleire meter høge bølger, då ser du heile verda frå bølgetop­pane. Det er med skrekkblanda fryd du når toppen, det er fantastisk. Samstundes blir du uendeleg liten når du forsvinn ned i bølgedalen, seier Inger Marie, som mest av alt elskar dei stille dagane.

Uvêr i livet

– Om hausten når det er ­makrellfiske, kan du verkeleg oppleve det gode med livet, seier Inger Marie.

Ho skildrar ein slik draumedag:

– Tenk deg at du køyrer ut til ­lysebåten, fyller bensin og startar aggregata. Lysa kjem på. Sola er i ferd med å gå ned, sjøen er speilblank og lysa frå lysebåten speglar seg i vatnet. Håpet om at makrellen skal samle seg i lyset, gir sommarfuglar i magen. Det er vanskeleg å beskrive kor fint det er.

Ho meiner at vi må bli ­flinkare til å være til stades her og no.

– Vi tenker altfor ofte på ting vi skal gjere, eller på ting du angrar på at du gjorde, men som du ikkje kan få gjort noko med. Det er så lett å gløyme det som er rett framfor oss, seier ho.

Inger Marie har opplevd uvêrsdagar, både i livet og på sjøen. Men ho fryktar ikkje høg sjø eller kraftig vind.

<b>LENGE UTE:</b> Inger-Marie er fiskar på heiltid. Ho har to båtar og kan i periodar være lenge ute på sjøen, heilt aleine.
LENGE UTE: Inger-Marie er fiskar på heiltid. Ho har to båtar og kan i periodar være lenge ute på sjøen, heilt aleine. Foto: Gunn Gravdal Elton

– Finvêrsdagar kan vere farlegare enn uvêrsdagar. Du skjerper deg ikkje på same måten. Vi treng å bli minna på kor skjørt livet kan vere. Dessutan er havet meir forutsigbart enn menneske. Du kan lese havet på vêr og vind og på straumane. Når det bles opp ute på sjøen, må du kunne takle tøff motstand. Du blir ikkje førebudd på same måten med menn­eske.

Heime i det moderne kjøkkenet er det lunt og godt. Veggane er malte i ein grøn farge, den same fargen du kan sjå når kalkalgar blømer i fjorden og fargar sjøen eirgrøn.

Frå vindauga kan du sjå båtane som går forbi, til og frå Bergen.

Nede ved sjøen ligg det store naustet som rommar tre etasjer med ­historie og minner frå eit rikt fiskar­liv.

<b>LENGTAR HEIM:</b> Inger Marie Høyland er sterkt knyttet til pappaen sin. Selv på ferier, lengter hun og barna tilbake til pappa/morfar heime på Sotra. – Eg er ingenting utan pappa, seier ho.
LENGTAR HEIM: Inger Marie Høyland er sterkt knyttet til pappaen sin. Selv på ferier, lengter hun og barna tilbake til pappa/morfar heime på Sotra. – Eg er ingenting utan pappa, seier ho. Foto: Gunn Gravdal Elton

Utanfor naustet ligg den minste av dei to båtane og ­lokkar på ho. Snart skal ho ut og setje nye garn. Men då skal pappa vere med.

Les også (+): «Huleboeren» Michel bodde under jorden i flere måneder. Gjorde utrolig oppdagelse

Ikkje for å bli rik

Inger-Marie har lært å takle motgang både på land og hav. Ho har reist seg og står no støtt åleine, saman med dottera på 12 og sonen på 17 år, som for lengst har avtalt seg ­imellom kva for ein båt dei ein dag skal overta.

Men om Inger Marie vil at dei skal gå i hennar fotspor, det er ho usikker på.

– Det krever mykje arbeid for å klare det økonomiske.

Og om Inger Marie måtte velge mellom pengar og nærleiken til naturen?

– Hvis du vil bli rik, bør du arbeide på trål. Hvis du vil leve, fisker du sjølv med eigen båt. Eg hadde ikkje blitt fiskar om eg ville bli rik, seier ho.

Sist vår blei tida i sjarken lengre enn planlagt. Ho fekk havari og måtte tauast i land til ei øy i Nord-Troms. Her vart ho til sjarken var i orden igjen.

– Då eg fekk girhavari, hamna eg på øya Spildra i Kvænangen, der det berre er 20 fastbuande. Eg lengta heim, var trist og lei. Men folka der er gjestfrie og omsorgsfulle mennesker. Eg fekk husly, gjekk aldri svolten og blei tatt godt vare på, seier Inger Marie

I dag ser ho tilbake på øyopphaldet med glede.

– Eg håper og trur at eg no har venner for livet på den øya, seier ho.

Denne saken ble første gang publisert 01/08 2024.

Les også