100 år gammel nissetradisjon fra Island
Berglind har tatt med en helt spesiell juletradisjon til Norge
Då Berglind Augustdottir (57) og mannen hennar, Hjalmar Hjalmarsson, flytta til Askøy utanfor Bergen i 2009, tok ho med seg dei bittesmå nissane sine og den unike islandske nissetradisjonen.
Visste du at dei 13 islandske julesveinane kjem vandrande ned frå fjella i dagane før jul?
Det er troll-foreldra deira Grýla og Leppalúði som sender dei ned til der islendingane bur, kvar med sitt spesielle særtrekk og ærend.
For folk som bur i Reykjavík held nissane til i fjellet Esja.
Nissane, som også vert kalla julesveinane, har ulike personlegdomar, og mange av namna deira har sitt opphav i å skaffe, eller «låne» mat.
Nissenamna er svært oppfinnsame, som for eksempel Vidaugskikaren (Gluggagægir) og Lysestjelaren, alt etter kva spesialitet eller rampestrek dei har.
I tidlegare tider vart nisse-historiene fortalde for å underhalde, men også som ein del av barneoppdraginga.
Lærer frå seg tradisjon
Vi møter Berglind, som er lærar i Bergen kommune, heime ein litt hustrig dag.
Og til Hjemmets store glede, byd ho oss på islandske julekaker! Ho er glad i å bake.
Som utflytta islending fortel ho gjerne om nissane frå heimlandet. Kvart einaste år hentar ho heile nissefamilien sin fram frå sommar-residensen på loftet, for å pynte til jul.
Året igjennom ligg dei sirleg på plass i små, kvite papp-øskjer, og ho har dei støypte nissane svært kjære, alle saman.
Barnebarna hennar bur til vanleg på Island, men kjem kvart år på julebesøk til Bergen.
Nissane har ein fast plass i eit gjesterom der dei forventningsfullt ser fram til å bli leika med av barnehender. Alle som ein.
Og som tradisjonsopptatt bestemor, så nyttar ho gjerne høvet til å både bake Laufabraud og anna islandsk julebakst – både medan jentene er på besøk og gjerne litt i forkant også.
Ei antikk bok frå 1932
Berlind hentar fram ei tynn bok, «Jólin koma», og viser oss. Boka er vellest og kun på 32 sider, og bør vel kanskje heller kallast eit hefte.
Heftet inneheld ulike dikt, der Jólasveinarnir, om dei tretten nissane inngår.
I diktet fastsette forfattaren, Jóhannes Bjarni Jónsson, namna på julenissane og rekkefølgja dei kjem vandrande i.
– Eg er svært glad i dette heftet, det har vore med meg heilt sidan barndommen, forklarar Berglind, som no har ein versjon frå 1986.
Originalen er frå 1932, men det kjem stadig i nye utgåver.
Fåreskremmaren kjem først
Den 12. desember kjem den første julenissen luskande.
– Nissen, som er ein av dei eldste av brørne, har ein fot som ikkje er heilt god og derfor haltar han litt når han går. I gammal tid heitte det seg at han var tørst når han kom, fordi han har gått langt med den vonde foten sin. Og han heiter «Fåreskremmar», fordi sauene vart urolege og kanskje vart litt redde når han strevde med å bøye seg ned under dei, for å drikke sauemjølk. Skremmaren er den nissen som kjem først, og han er etterlengta fordi barna då, endeleg, kan sette ein sko i glaskarmen sin.
I skoen får barna gjerne litt frukt, eller noko søtt, om dei har vore snille. Men har dei vore ulydige, er «belønninga» ei potet, eller ein lapp med ei irettesetting.
Les også: (+) Leserne forteller: Mamma sa at pappa bare stakk. Mange år senere fant jeg sannheten i en brevbunke
Tilpassing til 2024
Som lærar i Bergen kommune er Berglind opptatt av vidareformidling av tradisjonar.
– Brukar du den gamle tradisjonen også i dag?
– Åh, ja. Alle frå Island kjenner godt til rampenissane. Nissane er både underhalding og kan gje den oppveksande generasjonen eit innblikk i korleis folk hadde det før i tida, meiner Berglind.
Sjølv lærte ho ikkje så mykje om nissane på skulen. For det tok foreldra eller besteforeldra seg av. Mor til sveinane, Grýla, er eit stort og ekkelt troll.
I hovudgata i Reykjavik var der i mange år ein butikk som hadde utstilt to fullskala-versjonar av troll-foreldra til dei tretten nissane.
– Figurane var kjempeskumle og det gjorde eit djupt inntrykk å få sjå dei! fortel Berglind.
– Var du som barn redd for nokon av nissane?
– Ikkje anna enn for Dørslamraren, for han lagar lydar. Han snik seg inn og slamrar med dører og lagar mystiske, gjerne litt skumle lydar i huset. Og stort sett alle har vel erfaring i korleis det er å vere litt husredd, meiner Berglind.
Skremmer og snusar
På 1930 og 40-tallet då islendingar flest budde i husvere med kun ei etasje, var det å kunne sjå inn vindauga til folk enklare enn i dag.
I ei tid då stadig fleire bur i blokk har Gluggagægir truleg visse vanskar med å klare å gjere «oppdraget» sitt som er å lage skumle fjes og ablegøyer til born, når han kikkar inn gjennom vindauge.
Av dei tretten julesveinane er også Sprekksnusaren, som har ei kjempestor nase, velkjend.
– Han kjem den 22. desember for å minne folk om at dei bør bake laufarbraud, ein koseleg årviss familie-tradisjon for veldig mange, fortel Berglind.
Les også: Esther kunne hatt late dager som pensjonist. I stedet tok hun et spenstig livsvalg
Ein udugeleg fyr
I dei kalde, mørke førjulsdagane, er nisseforteljingane er ei kjelde til kvardags-mystikk, for små og store.
Antal julenissar har variert gjennom tidene, men det offisielle talet er no 13. Nissane dukkar opp, ein etter ein fram til julaftan.
Stekkjastaur (Fåreskremmaren)
Giljagaur (Mjølketjuven)
Stúfur (Pannematstjelaren)
Þvörusleikir (Slikkepott-slikkaren)
Pottasleikir (Gryteslikkaren)
Askasleikir (Skålslikkaren)
Hurðaskellir (Dørslamraren)
Skyrgámur (Skyrspisaren)
Bjúgnakrækir (Pølsesnapparen)
Gluggagægir (Vindaugskikaren)
Gáttaþefur (Sprekkesnusaren)
Ketkrókur (Kjøttkrokhaparen)
Kertasníkir (Lysestjelar)
Det beste mora til julesveinane veit er å spise ekle eller slemme born, som ho kokar i ei stor gryte.
Faren til nissane, det magre trollet Leppalúði, er ein udugeleg fyr, og det er han som har jobben med å hente frekke born til Gryla.
Dette med skoen kan gå ut av kontroll.
Hos noen foreldre er det vanleg å legge for eksempel ein klementin eller ein pose med mini gulrøtter i skoen.
– Og når det nærmar seg jul kjem det kanskje lue eller sokkar. Noko som ikkje kostar for mye, og som er fornuftig.
Og skal det skje noko spesielt på skulen, kjenner nissane også til dette og følgjer opp med noko som barna treng.
Lysstjelaren favoritten
Vi lever i ei tid då mange juletradisjonar vert endra, til fordel for nye. Likevel held Berglinid godt fast på nissane.
- I tillegg drikk vi varm sjokolade kvar søndag i advent og hygger oss med småkaker.
Berglind er ikkje i tvil om kva som er favorittnissen hennar.
Heilt klart den 13. og siste, Kertasnikir.
– Ikkje fordi han stel lys, men fordi det er han som kjem på sjølvaste julaftan. Og det er han som har med seg gåver som borna ønskjer seg - både små eller litt større gåver.
I gamle dagar var rampestreken hans at han knabba med seg talglys, som han - åt.
– Eg hugsar eg fekk ei bok eit år, som eg hadde ønskt meg lenge, fortel Berglind. Med fargeillustrasjonar. Men i dag er det vel helst nettbrett som står på ønskjelistene, humrar ho.