Video

- Det neste vi skal prøve er hjørnesofa

Gutane bak dette påfunnet ser ikkje bort frå at det kan bli det nye store innan vassport.

Publisert

Synest du det er lenge sidan det har komme noko nytt innan vassport? Er du lei av dei tradisjonelle vasskia? Då kan du gjere som ein kompisgjeng frå Dale, skriver avisen Firda.no.

Då dei såg ein video av nokon som køyrde sofa på vatnet, med vasski festa under sofaen, fekk dei med ein gong lyst til å gjere det same.

– Berre at vi ville gjere det enda betre, seier Tommy Holm og smiler.

Som sagt så gjort. Han, Ole Løseth, Gard Nedrebø og Simon Haaland såg denne filmen på VG-TV på laurdag, og starta med éin gong jakta på ein passande sofa.

Betalte med to båtis

Ingrid Myklebust, mora til Løseth, sa raskt ifrå om at ho ville gje gutane ein gammal sofa av henne.

– Betalinga deira var to båtis. Å komme på å betale båtis for sofaen var heilt strålande, seier ho og ler.

Myklebust synest gutane er kreative.

– Ideen deira var fantastisk morosam.

Gutane sette stor pris på sofaen frå Myklebust.

– Det var veldig kult gjort av ho. På måndag, etter kring seks timars arbeid, var sofaen klar til første tur på vatnet, seier Holm.

Veldig stabil

Gutane synest denne turen gjekk over all forventing.

– Det var utruleg artig! Eg hadde ikkje trudd det kom til å gå så bra. Vi var litt usikre på om sofaen kom til å klare svingane, men det gjorde den. Vi tok berre store, slake svingar, seier Løseth.

Kompisgjengen meiner sofaen i det heile teke er svært stabil.

– Vi var litt uroa for om det kom til å fungere, men då vi klarte å komme oss opp i vatnet skjønte vi at det ville gå fint. Det var ganske stilig å tenke på at vi sat midt ute i Dalsfjorden på sofaen, seier Holm og smiler.

Gutane plasserte isopor og syredunkar under sofaen, og ein sponplate under der igjen. Utanpå denne festa dei skia.

– Sofaen flaut av seg sjølv, men vart full av vatn, seier Holm.

Hjørnesofa neste

Løseth og Holm ser ikkje bort frå at dette vert det neste store innan vassport.

– I alle fall ikkje på småplassar som Dale. Det er også genialt å berre ligge og sole seg i sofaen ute på vatnet. Vi kjem i alle fall til å køyre mykje med den framover, seier Løseth og smiler.

No prøver gutane å få tak i ein hjørnesofa og gjere det same med den.

– I så fall bør vi få til ein type drenering i sofaen. Det spørst om vi får tak i hjørnesofa, vi vil helst ikkje bruke så mykje pengar på dette. Også har vi tenkt på å bruke ein stressless, seier Holm.

Ville filme at det gjekk gale

Då gutane fekk ideen til sofakøyringa, kom fleire Dale-buarar for å hjelpe til med bygginga.

– Det gjekk ein del rykte om det, ja, seier Holm og ler.

– Det var også mange som ville filme at dette kom til å gå gale.

Kompisgjengen prøver ofte å finne på morosame stunts.

– Men det er sjeldan vi får ein så god idé som dette, seier dei.

Les flere saker på firda.no.

Denne saken ble første gang publisert 07/08 2014.

Les også