Ambulansearbeidar havna sjølv i ambulanse
Lina Kristine vart påkøyrd med baby i bilen. Dette er hennar åtvaring til andre foreldre: – Om eg har gjort ein sånn feil, så er det fleire som gjer det
– Det nytter ikkje å betale 7000 kroner for eit av dei tryggaste setene på markedet om ein ikkje tar seg tid til å montere det skikkeleg.
Dette innlegget er skrive av Lina Kristine Tennefoss Vatshelle (34)og først publisert på hennar personlege Facebook-profil. Innlegget er gjengitt med løyve.
Lina Kristine er fra Osøyro utanfor Bergen og er mor til ei jente på to år og ei jente som nå er 9 månader. Ho har jobba som ambulansearbeidar sidan 2008.
22. november 2022 var det to månedar sidan eg og litlesyster vart utsatt for ei trafikkulukke. Der er to månedar sidan dagen som kunne snudd liva våre på hovudet, men som heldigvis berre vart ein liten parentes i livshistoria vår ...
Dagen vi vart påkøyrd bakfrå. Dagen eg fekk vere pasient i ambulanse for fyrste gong. Dagen bilen vår vart totalvraka. Dagen vi egentleg klarte oss heilt fint.
I to månedar har eg tenkt på å skrive dette innlegget. Det er vanskeleg å sette ord på noko av det som har skjedd og det er vanskeleg å innrømma at ein er både mamma og ambulansearbeidar som gjer feil som dette.
Men her kjem det, for eg trur at det kan vere med på å berge liv:
Det er nokon ting frå 22. september eg ikkje hugser så godt, og andre ting eg hugser veldig godt.
Eg hugser ikkje korleis dagen starta, men eg hugser at eg satte babystolen med litlesyster i baksetet, festa setet skikkeleg godt mens eg funderte på om beltemontering verkeleg var like trygt som å ha stolen i basen. Eg sjekka ein ekstra gong at beltene låg heilt beint og eg stramma så hardt eg kunne. Litlesyster sov fredeleg.
Eg og litlesyster hadde kaffiavtale med ein ven denne dagen. Storesyster var heldigvis i barnehagen. Kvifor det var «heldigvis» kjem eg attende til ...
Eg sendte ein melding til venen min om at eg var på veg og fekk melding tilbake om at eg måtte køyre forsiktig: «Det gjer eg alltid».
«NEI NEI NEI»
Eg hadde Olav Emil på handsfree i bilen og etter om lag 15 minutter køyring bremsa bilen foran oss kraftig opp og satte på blinklyset før han stoppa grunna trafikken som kom imot. Eg skal ikkje gjengi orda eg sa mens eg heiv meg på bremsa, men eg klarte å stoppe.
Eg såg opp i speglen og såg varebilen bak som kom imot oss i om lag 60km/t. Eg hugser ikkje kva eg tenkte, men eg hugser smellet ...
Eg hugser dei intense smertene i nakken og hovudet etter at alle dei 3 bilane hadde kræsja inn i kvarandre. Olav Emil som høyrde det i telefonen har fortalt at «det slutta aldri å smelle».
Sjølv synes eg alt skjedde skikkeleg fort.
Eg hugser at eg snudde meg mot baksetet der babystolen stod på høgkant. Eg hugser dei hysteriske skrika frå babyen og at eg ropte «NEI NEI NEI» ...
Eg hugser desperasjonen i stemmen min og panikken i heile kroppen. Eg hugser at kroppen var så skjelven at det kjentes som eg mista all kontroll.
Under kollisjonen hadde bildørene bak gått i lås. Eg røsker hysterisk i døra, men eg får den ikkje opp. Eg skriker til dei som kjem til at eg har ein baby og at dei må ringe 113.
Vi får opp bildøra. Eg hugser ikkje korleis det såg ut bak i bilen, men eg hugser litlesyster som var illraud i fjeset av all skrikinga. Eg fekk babystolen løs, og vi vart tatt inn på den lokale veikroa der det ikkje gjekk lang tid før litlesyster smilte og lo.
Eg kledde av ho, undersøkte ho og pusta letta ut. Ho verka uskadd. Eg hugser alle bitane av glas i stelleveska, på golvet og over alt!
Kort tid seinare var lokalet fullt av politi, brannfolk, lege og ambulansepersonell. Ein av brannfolka kom bort til meg og lurte på korleis det har gått med babyen. Han verka letta og nesten overraska over at ho var uskadd.
Bilstolen hadde løsnet
Fyrst forstår eg ikkje kvifor han verker så overraska, for som ambulansepersonell veit eg at dette er ei type ulukke der det stort sett ikkje er alvorlige personskadar, men eg får forklaringa:
I bilen vår stod det to bilstoler. Babystolen som litlesyster satt trygt i og ein bilstol med isofix til storesyster på 2 år. Bilstolen til storesyster var lånt av svigers og montert dagen i forvegen - mens eg hadde det travelt for å rekke barnehagen.
Eg var ikkje godt nok kjend med stolen og eg hadde ikkje lest bruksanvisninga, men stolen skal være blant dei tryggeste på markedet (i likhet med babystolen).
I kollisjonen har bilstolen løsna, og skal ifølge brannvesenet ha ligget laust i bilen. I ulukker med alvorleg personskade eller død vil ulukkene verte grundig etterforska, men sidan det ikkje var tilfellet her vil vi aldri få ein 100 prosent fasit på kva som egentleg skjedde.
Men eg mistenker sterkt at det i dette tilfellet er menneskeleg svikt: At eg har hatt det så travelt når eg monterte stolen at berre ein av dei to «armene» på isofixen hadde gått i lås.
Mine beste råd
Eg hadde mange tankar og spørsmål etter ulukka, og spurte erfarne kollegaer om å dele råd og erfaringar.
I diskusjonen som fulgte vert det konkludert med fleire ting, mellom anna:
● At babystolen flytta på seg i ein sånn kollisjon er heilt naturleg. Sjølv om stolen stod på høgkant har den fungert som den skulle. Bøylen som ein bærer stolen i, som skal stå oppreist under køyring har gjort jobben sin som veltebøyle!
Dette er eit godt døme på kor viktig det er å lese bruksanvisninga og å følgje den.
● Litlesyster var perfekt sikra og hadde kun på seg pyjamas. Selene låg tett inntil kroppen, og ho hadde eit ullpledd over seg for å halde varmen. Hadde beltene vore lause og ho hadde hatt på seg tjukke klede kunne ho sklidd ut av stolen i ein kollisjon med så mykje energi som denne. Eg vil helst ikkje tenke på korleis det kunne gått.
● Beltesamlare er gull verdt når uhellet fyrst er ute, og ei billig forsikring. De koster om lag 100 kr stk og varer «for alltid»/ heilt til du rotar dei vekk.
● Ifølgje Trygg trafikk er det like trygt å bruke babystolen med base som utan, men erfaring frå kollegaene mine tilsa at det er viktig å ta seg tida som trengs for å gjere det riktig. (Som eg heldigvis hadde).
– Man må montere bilsetet skikkeleg
Å skulle sjå for seg korleis det hadde gått med eit barn i barnesetet som løsna er vanskeleg av fleire årsaker. Det kan godt hende det hadde gått fint, men det kan og hende at utfallet hadde vore eit heilt anna.
Eg satt min fot i ein ambulanse for fyrste gong som 17-åring. I dag er eg 34, og har ikkje tal på kor mange kilometer eg har køyrd eller kor mange pasienter eg har sittet ved sidan av i ambulansen ...
Eg har ennå ikkje opplevd å rykke ut til born som er drept i trafikken, og eg krysser alt eg har for at eg skal sleppe det Men eg har vore vitne til at både born og vaksne har vore dårleg sikra eller utan sikring i trafikken og at det som har redda dei berre er flaks og tilfeldigheiter.
Eg har og opplevd barn som har fått alvorlege skader som med enkelt og relativt billig utstyr kunne gjort at dei slapp mykje lettare ifrå det.
Det nytter ikkje å betale 7000 kr for eit av dei tryggaste setene på markedet om ein ikkje tar seg tid til å montere det skikkeleg. Ein må nytte utstyret rett, om det skal gjere jobben sin.
Som vaksne kan vi ta ein kalkulert risiko når vi vel å køyre utan bilbelte, fikle med mobilen mens vi køyrer og ved å køyre mens ein er trøytt eller rusa.
Men borna vi har med oss i bilen og trafikken er 100 prosent avhengige av at vi som vaksne sikrar dei rett. Når dei er små inneber det rett bruk av til dømes bilstol, mens når dei vert større lærer vi dei å nytte bilbelte, sykkelhjelm, refleks og andre ting.
Sjølv om ein gjer alt rett kan ein aldri heilgradere seg. Sjølv om ein ikkje fikler med telefonen har ein køyrer har ein aldri nokon garanti for at medtrafikkanter følgjer godt nok med i trafikken.
Borns tryggleik er dei vaksnes ansvar
Eg har tenkt at om eg, som i mine auger er ganske flink til dette har gjort ein sånn feil, så er det fleire som gjer det.
Det hadde eg rett i; I ei undersøking frå Trygg Trafikk såg dei at 18% (nesten 1 av 5) born var feil sikra i bilen. Fleirtalet av desse (14 prosent av alle born) hadde feil bruk av bilbelte eller anna utstyr. Ein feil som veldig lett kan unngås ved å ta seg tid til å gjøre det riktig.
Små borns tryggleik i trafikken er utelukkende dei vaksne sitt ansvar!
Det er ikkje mindre energi i ei ulykke om du «berre» skal hente i barnehagen eller ein kjapp tur på butikken, så ta deg tid til å sikre borna godt uansett om du køyrer 2 km eller 200 km.
I dag er det to måneder sidan ulukka. Det er heldigvis ikkje ein kjip merkedag for då livet vart snudd på hodet, men ein heilt vanlig tysdag i november. Og det er berre flaks ...
Ikkje la flaks avgjere om ditt barn er trygg i trafikken: Bruk nødvendig tryggleiksutstyr og bruk det rett!
Om du i løpet av dette innlegget ikkje har fått nok argumenter for kvifor det er viktig å sikre borna, så finn du mykje god informasjon på trygg trafikk sine nettsider og YouTube kanal. Der finn du og god informasjon om korleis du gjer det.
Om det er lenge sidan sist du var på fyrstehjelpskurs, så er det og lurt, så er ein førebudd om ulukka råkar.
Igjen: Takk til kollegaer i nødetatene, tilsette på Eran-veikro og folk som tilfeldigvis var på plassen når ulukka skjedde som gjekk ut av komfortsona for å hjelpe oss!
Det var fantastisk å verte møtt av hjelpende hender framfor mobiltelefonar som tok bilete av oss.
Om du har lest heilt hit må du gjerne dele dette innlegget med ein ven som har ansvar for å sikre born i bil eller i trafikken.