- Man får hjertet i halsen og har lyst til å snu seg vekk
Breekspert fikk øye på disse turistene da han var ute på tur.

(Firda): Tysdag var fagansvarleg ved Norsk bremuseum i Fjærland, Pål Gran Kielland, på veg opp til Bøyabreen med ei skuleklasse. Då han fekk auge på ein flokk turistar.
Desse sette seg sjølv i livsfare ved å gå heilt opp under breen.
– Om det losnar ei stor bit av breen, kan raset gå ned dit dei står. Faren for at det skal skje er større no om sommaren, når temperaturane er høgare. Då bevegar breen seg fortare, seier Kielland til Firda.

Kunnskapslause turistar
Han er stort sett på utflukt opp til Bøyabreen dagleg, og tysdag hadde han med ein skuleklasse på ekskursjon då dei fekk auge på turistane.
– Vi var fleire hundre meter frå breen då vi fekk auge på dei. Med skuleklassane brukar vi å snakke litt om faren som er knytt til breen, no hadde vi eit veldig godt døme på dette.
Les også: Blei jaga vekk - like etter kom isblokka
– Dei er ikkje vant med brear, og kjem gjerne frå land som ikkje har brear. Då kan det verke ufarleg sidan ein ikkje ser at den er i rørsle. Men breen er i rørsle heile tida, seier Kielland.
– Turistane denne dagen hadde teke seg forbi dei sperringane som er sett opp ved Bøyabreen. Der er skilt som fortel om faren, seier han.

Dødsulykke i 2014
At faren ved å trasse sperringane til breen er stor, treng ein ikkje leite lenge etter bevis for.
For to år sidan mista eit tysk ektepar livet då dei vart nedgravne av is ved Nigardsbreen i Luster, med sine to born som augnevitne.
– Ved Bøyabreen er der folk som kjem til heile døgnet. Og det er mykje folk der, spesielt no på sommarstid. Vi ser kvart år at folk går så nær breen og set seg sjølv i fare, seier Kielland.
– Kva tenkjer ein når ein ser turistane stå slik?
– Ein får hjartet i halsen, og vil helst snu seg og gå vekk. Om det går ras fryktar ein det verste. At ei heil gruppe turistar skulle bli gravlagde av eit ras. Det ville ikkje vore god reklame for breane våre, seier Kielland, og understrekar at faren gjeld ved alle breane i fylket, og ikkje berre Bøyabreen.