iPhone på skolen:
Deler ut iPhone til elever
I Japan deler de ut iPhone til elever for bruk på skolen.
Eit japansk universitet har kjøpt inn 500 iPhones og delt ut til elever og lærarar. Målet er å bruke telefonane i undervisninga.
Når elevane kjem til klasserommet, må dei taste inn eit identitetsnummer på telefonen, og GPS-systemet viser om dei verkelig er på skulen og ikkje heime.
Telefonane skal brukast til blant anna å svare på spørsmål og delta i diskusjonar.
Då salet av iPhones start i Japan sist sommar, gjekk salet av 3G-mobilen til topps. Men ringetonar i klasserommet har vanlegvis vært bannlyst. Fram til no.
Og sjølv om elevane blir overvaka med GPS-systemet på telefonen, meiner studentane at alt i alt så er dette positivt.
Systemet blir sett i gong i juni, og i tilfelle ein student ikkje kan vere på skulen ein dag, planlegg universitetet å filme undervisninga og podcaste den så ingen har grunn til å gå glipp av noko.
Les også:
Nå kommer det snart en ny iPhone
13 ting du ikke trenger om du har iPhone
Jan Thoresen blogger: Derfor duger ikke iPhone
Denne saken ble første gang publisert 30/05 2009, og sist oppdatert 05/05 2017.