den perfekte rifle for deg
Dette bør du tenke på før du kjøper rifle
Kva er mest viktig for kjøp av ny rifle – vekt, mekanisme, kaliber eller pris? Kva skal rifla brukast mest til – trening eller jakt? Om svaret er jakt, er det så mest til jakt på elg, hjort, rein, rådyr eller småvilt?
Den som skal kjøpe sin første rifle er naturleg nok opptatt av at rifla skal passe til jakta som han eller ho vil delta i. For ein del er det og viktig at rifla passar inn i dei tankar og førestillingar jegeren har om «den perfekte rifle for meg».
Når alt kjem til alt er ikkje dette det mest viktige for førstegangskjøparen som skal bli riflejeger.
Tre fornuftige råd til jegeren som skal kjøpe sin første storviltrifle:
- Kjøp ei grei, enkel og påliteleg boltrifle!
- Enten i 6,5x55, 308 Winchester eller 30-06!
- I kikkertsikte er kvalitet viktigare enn høg forstørring!
Det er derimot skytetrening. Derfor bør den første rifla vere kamra for ei vanleg patron med godt utval i rimeleg treningsammunisjon, og helst så rekylsnill patron som råd er. Og for å gjenta meg sjølv: 6,5x55 har minst rekyl av våre tre vanlege storviltpatroner og fordelen av størst utval i rimelege matchpatroner til trening og konkurranse. For å bli ein habil rifleskytter må det skytast så mykje som ein har råd til, og det blir enkelt og greitt meir skytetrening med rimelege patroner enn med dyre patroner. Kombinasjonen av høg patronpris og smertefull rekyl fremmar slett ikkje treningsiveren, og heimelading er som regel lite aktuelt for den som skal kjøpe sin første rifle.
Kaliber?
Som skriva er 6,5x55 mest praktisk som treningspatron av alle storviltpatroner. I tillegg er 6,5x55 blant dei beste jaktpatroner til rådyrjakt og reinsjakt, god hjortepatron og dugande elgpatron med rett kule. Blant svært få ulemper med 6,5 mm er problemet med homogene kuler og lovleg vekt/anslagsenergi, men det er i grunnen eit ikkjeeksisterande problem for den som jaktar med moderne, gode lodda jaktkuler.
308 Winchester passar best for jegeren som vil ha lita, lett, hendig og kompakt jaktrifle med stutt låskasse. Og bare så det er sagt: 308 Win er absolutt ei god storviltpatron, sjølv om 6,5x55 har fordelen av mindre rekyl og større utval i rimelege presisjonspatroner, og 30–06 kan prestere høgare utgangshastigheit. Reint generelt kan ein godt påstå at på grunn av større kulediameter er 308 Win med gode kuler betre elgpatron enn 6,5x55, men godt treff er alltid viktigare enn kva patron kula kjem frå.
30–06 er mest bruka av alle grovkaliber jaktpatroner i den vestlege verden, og det med god grunn. Samanlikna med 308 Win leverer 30–06 høgare hastigheit og meir rekyl til same pris, men manglar utvalet i fabrikkladde matchpatroner.
Riflemekanisme?
Så til det store spørsmål om val av rifle. Eller riflemekanisme om du vil. Bortsett frå patron/kaliber er mekanisme/låskasse den største forskjellen på grovkalibra jaktrifler. I alle fall om ein tar med avtrekk og magasin i mekanisme. Så kan ein absolutt diskutere kva som er mest viktig av rifle eller patron, sjølv om det finst mange gode argument for å påstå at for jegeren med kun ei jaktrifle er patronvalet viktigare enn kva rifle patrona er kamra for.
I utgangspunktet bør ikkje merkevarenamn, utsjånad eller «image» vere så viktig for førstegongskjøparen som at rifla er enkel, praktisk, presis, påliteleg og velfungerande med godt avtrekk og passande skjefte. Pris kan derimot vere viktig. Særleg for nyjegeren som skal kjøpe sin første jaktrifle, men og for mange jegerar som av fleire gode grunnar vil ha meir enn ei jaktrifle.
Det enkle er ofte det beste, og ei vanleg, god boltrifle er ei fornuftig førsterifle. Om boltrifla har sluttstykke med 2, 3 eller 6 låseklakkar har lite og ingenting å bety for god skyting på bane og jakt. Heller ikkje 60 eller 90 graders boltløft, eller laust eller fast magasin. Det som har noko å bety for god skyting er godt avtrekk, skjefte som passar rimeleg godt og nok trening. Klarar rifle, patron og skytter med den støtte dei kan få å skyte fem skot samla innanfor 3–4 cm på 100 meter er det godt nok for dei fleste til jakt på det meste. Og 3–4 cm klarar dei aller fleste boltrifler i 6,5x55, 308 Win og 30–06 om alt mekanisk er slik det skal vere. Om ikkje er mest truleg bedding eller skifte av løp det som må til. Eller betre skyting.
Låsekasselengde
Om låskasselengde er det lite å sei anna enn at rifler med låskasse tilpassa patroner i 308 Win-klassen har litt mindre totallengde og vekt enn tilsvarande rifle med lang låskasse. Utan at det har betydning for kjapt ladegrep eller anna. Uansett låskasselengde, åpningsvinkel, låseklakkar, rettrekker eller anna, må ein lære å ta ladegrep fullt og heilt med rifla i skuldra. Kan ein det, og gjer det mange nok gonger, går ladegrepet glatt, kjapt og automatisk i rekylen.
Den som ikkje har heilt trua på det får sjå på stang- og felthurtigskytinga under Landsskytterstevnet.Ein kan ikkje kjøpe seg til kjappe ladegrep – trening må til, uansett mekanisme. Det same gjeld for god skyting.
Løpslengde?
Løpslengde kan vere eit «problem». Mange vil ha mindre løpslengde enn 55–60 cm på grunn av lyddemper, og når 6,5x55 med kulevekt over 9 gram må ladast med seintbrennande krut, bør rifla helst ha forholdsvis langt løp for å gje optimal utgangshastigheit.
Når mange av dagens rifler har ei og same låskasse for alle patroner har det ingen betydning for totallengda om rifla er kamra for 6,5x55, 308 Winchester eller 30–06. Og til tross for at 308 Win i dag er svært populær på grunn av lyddemper og løpskapping er det uansett løpslengde likevel ingen grunn til å velje nettopp 308 Winchester framfor 30–06 i rifle med lang låskasse. Om målet er så høg utgangshastighet som råd, er 30–06-hylsa større, ladd med meir krut og vil i dei aller fleste tilfelle gje høgare utgangshastigheit enn 308 Win med lik løpslengde og same kulevekt. Det er faktisk uråd å gjere den minste større enn den store.
Så og med løpslengde, lengre løp gjev høgare utgangshastighet enn stutt, og 50 cm er fornuftig minimum for alle storviltpatroner.
Avtrekk – direkte eller trykkpunkt?
Avtrekket er nok den viktigaste faktoren for god skyting. Både godt avtrekk i rifla og godt utført avtrekk av skytter. For jegeren utan DFS-bakgrunn er eit reint, godt direkteavtrekk med avtrekksvekt 1,5 kilo eller litt lettare best. Trykkpunkt kan føre til rykkavtrekk for den som ikkje er vant med den slags, snellert er unødvendig eller upassande for norsk storviltjakt. Den som er vant med trykkpunktavtrekk kan mest truleg skyte endå litt betre med det enn direkteavtrekk, det er ikkje for ingenting at stort sett alt av matchrifler har trykkpunkt.
Laust eller fast magasin?
Laust eller fast magasin, er det eit viktig val? Nei, i grunnen ikkje. Sjølv om laust magasin er enkelt å ta ut, er det stort sett like enkelt å tøme magasin med hengsla magasinbotn. Og fast magasin har den klare fordelen at det ikkje kan mistast eller gløymast. Fast magasin utan hengsla magasinbotn er meir tungvindt når rifla skal tømast for patroner, men det er einaste praktiske forskjell.
Sikring eller oppspenner?
Sikring eller oppspenner er eit anna tema for jaktrifler. Men likevel stort sett ikkje for rifler i prisklassen den som skal kjøpe sin første rifle normalt siktar seg inn på. Dei fleste rifler med oppspenner er atskillig meir kostbare, sjølv om det finst dei som startar på topp i riflekjøp og.
Vanleg sikring kan delast i tre: sikring med tre stillingar der bakre stilling sikrar avtrekk/tennstempel og låser sluttstykket, i midtstilling kan sluttstykket opnast med sikra rifle og med sikringa i fremre stilling er rifla usikra.Sikring med to stillingar kan enten vere sikra med låst sluttstykke i bare stilling og usikra i fremre, eller sikra med ulåst sluttstykke i bakre stilling og usikra i fremre.Alle er for så vidt greie nok, sjølv om det absolutt er ein sikkerheitsmessig fordel å kunne opne sluttstykket og dra patrona ut av kammeret med sikra avtrekk/tennstempel.
Rustfritt?
Etter å ha sett for mange karbonstålløp med rust kan ein godt konkludere med at rustfritt stål er best. I alle fall til løp, og særleg i kombinasjon med lyddemper. Men rustfritt er ikkje heilt rustfritt, sjølv rustfritt stål må og ha litt olje. Og ikkje minst må rustfrie løp pussast på same måte som svart stål. Den einaste måten å bevare presisjonen i presise løp er puss med dertil egna solvent/olje etter skyting. Dette gjeld for alle rifleløp i alle stålkvalitetar! Når det er sagt må det og seiast at jaktrifle med rustfritt metall og kunststoffskjefte er praktisk for den som jaktar mykje og under alle forhold.
Treskjefte eller kunststoff?
Mest smak og behag, men på grunn av pris er kunststoffskjefte nå mest vanleg på rimelege rifler. Kunststoffskjefte er praktisk og greitt, treskjefte av god kvalitet er fint, men krev vedlikehald i form av skjefteolje. Laminera treskjefte er sterke og stabile. For kjapp og presis skyting er det viktigare med høg nok kolbekam og passa skjeftelengde enn kva skjeftet er laga av. Justerbar kolbekam er greitt nok, men den første jaktrifla må ikkje nødvendigvis vere utstyrt med fancy taktisk/langhold/matchskjefte. Det kan heller kome med meir erfaring på neste rifle, sjølv om dei som først har hatt slikt i hendene som regel nødig vil kvitte seg med desse.
Ny eller bruka rifle?
Ofte kan bruka rifle vere ein enkel måte å spare pengar på når den første rifla skal kjøpast. Men ikkje alltid, det kan vere gode – eller kanskje heller dårlege grunnar til å kvitte seg med jaktrifler. For eksempel dårleg presisjon. Om grunnen er slitasje, rust, manglande bedding eller «bare» at rifla ikkje samlar skota, vil det uansett koste pengar å få god presisjon ut av denne rifla. Derimot kan den bevisste jeger godt kjøpe nær sagt kva som helst av velbruka rifle for å bygge drøymerifla på låskassen, men slike velfundera bruktkjøp er ikkje vanleg blant dei som skal kjøpe sin første rifle.
Ein bør uansett vere klar over at bruka 6,5x55-rifler som regel er velbruka, det på grunn av at jegerar og skytterar som vil trene og skyte mykje kjøper 6,5x55. At rifleløp gjenga for lyddemper er meir utsett for rustangrep er ei anna kjensgjerning.
Sikte og montasje
Jaktrifla må nødvendigvis ha sikte, og dei aller fleste vil ha kikkertsikte til storviltjakt. Det beste råd for kjøp av kikkertsikte er å kjøpe så kostbart sikte som ein kan. I sikteoptikk er dyrare betre, men det er slett ikkje nødvendig å kjøpe nytt for å få eit godt kikkertsikte – det er ingen mangel på fint bruka kikkertsikte til atskillig rimelegare pris enn nytt. Mange vil kvitte seg med gode kikkertsikte for å finansiere kjøp av det nyaste nye, og toppoptikk er toppoptikk, sjølv om den er ti år gamal. Styr unna dei som ser alt for velbruka/misbruka ut, så og kikkertsikte med alt for høg forstørring og tekniske finesser. Ingen har behov for masse forstørring og parallaksejustering på sitt første kikkertsikte, det bør vere enkelt og praktisk og helst ha minste forstørring nede på 1,5 –1,7–2,5x. Montasjen bør heller ikkje vere av dei billigaste, kjøp anerkjent kvalitet og basar av stål er ein fordel sjølv med snill 6,5x55-rekyl.
Patronpriser
For treningsskyting har 6,5x55, 308 Win og 30–06 ein ubetinga fordel kostnadsmessig blant storviltpatroner.
For å ta eksempel frå Norma Jaktmatch med størst utval av alle rimelege treningspatroner, er prisforskjellen stor frå dei tre mest vanlege storviltpatroner til magnumpatroner:
PRIS
Norma Jaktmatch
6,5x55 120 grs FMJ:
kr 14,78
Norma Jaktmatch
308 Winchester 150 grs FMJ:
kr 16,98
Norma Jaktmatch
30-06 150 grs FMJ:
kr 16,98
Norma Jaktmatch
300 Win Mag 150 grs FMJ:
kr 31,45
Norma Jaktmatch
338 Win Mag 225 grs FMJ:
kr 32,95
6,5x55 matchpatroner er mest presise og rimelege, skytterlagspris er under 10 kroner smellen. For den som vil ha minst pris og rekyl er Lapua, Norma, Raufoss Rekruttpatroner og RWS Jaktmatch med 100 grs kule presise og gode kjøp.
Det er og temmeleg stort utval i 308 Win og 30–06 treningspatroner med pris rundt 10 kroner, Federal American Eagle, Hornady FMJ, Remington UMC, Sellier & Bellot og ikkje minst Norma Golden Target er eksempel på slike. Norma Trainer 6,5x55, 308 Win og 30–06 er på nytt å få kjøpt, patronprisen er kroner 10,98 for alle tre.
Denne saken ble første gang publisert 30/05 2019, og sist oppdatert 03/06 2019.