Dette bør du tenke over
Skal du kjøpe hagle?
Det er mange ting du bør tenke litt igjennom før du kjøper ny hagle. Menge velger å kjøpe ny, men det er ingen ting i veien for å legge pengene i en god, brukt hagle.
Ved kjøp av første hagle fell naturleg nok valet som regel på hagler i relativt rimeleg prisklasse. I dag dominerer tyrkiske hagler blant dobbelløp i prisklassen frå 10 000 kroner og nedover. Og utan å seie eit einaste stygt ord om tyrkiske hagler, kan det likevel vere lurt å styre unna dei rimelegaste.
Skytetrening er viktigere enn alt anna!
Det kan vere minst like fornuftig å kjøpe ei fint bruka hagle til same pris som ny, men rimeleg hagle. Det er mindre risiko å kjøpe bruka hagle enn bruka rifle, det skal godt gjerast å «skyte ut» eit hagleløp, men sørg for å få det mekaniske sjekka av børsemaker før kjøp. Særleg sikringsfunksjon, men og generell sjekk, smøring og vedlikehald av alt innvendig der det er vanskeleg for ufaglærte å kome til.
Eldre hagler er rimelige
Finn du ei fint bruka Beretta eller anna kvalitetshagle som passar deg og til grei pris – kjøp den! Eller gamle statusmerke som f.eks Gbr Merkel o/u, dette er nær sagt usliteleg kvalitet. Eldre hagler i kaliber 16 er som regel svært rimelege, og pengane du sparer i forhold til ei ny hagle kan brukast til å legge litt høgde på kolbekammen og ei mjuk, god rekylkappe.
Ei godt tilpassa kaliber 16 sideligger er lett, fin og elegant fuglehagle. Skoteffekt og hagllading med kaliber 16 i forhold til 12 er ingenting å bekymre seg over, det er heller ikkje tilgangen på kaliber 16 blyhaglpatroner. Få børsemakaren til å sjekke trangboring i alle eldre hagler uansett kaliber, og full trangboring er stort sett lite egna til både jakt- og treningsskyting.
Husk at alle fuglejegerar har behov for litt treningsskyting på leirduebanen – helst meir enn litt!
Kaliber
Stort sett er ikkje kaliber tema for kjøp av ny hagle, av den enkle grunn at dei aller, aller fleste kjøper kaliber 12. Heller ikkje patronlengde er noe tema, når det meste av dagens kaliber 12-hagler har tretoms kammer. I dag er stort sett ynskje om lettare vekt og hendigare børse einaste grunn til å kjøpe hagle i kaliber 16 eller 20. Men nettopp det kan vere grunn god nok for støkkjegeren, som i timevis går med hagla i hendene. Så og for lange dagar i rypefjellet med eller utan hund.
Skyt aldri med for lange patroner!
Under praktisk jakt er det svært vanskeleg å påvise forskjell i effekt frå kaliber 12 til 16 og 20-patroner ladd med omtrent lik haglmengde med same haglnummer og utgangshastigheit.
Ingen hagl bryr seg om kva børse, patron og kaliber dei kjem frå når dei er vel ute av munningen, heller ikkje viltet. Sjølv om få jegerar har bruk for haglpatroner med tung ladning og magnum som etternamn, er uansett fakta at kaliber 12 har størst utval i både jaktpatroner og rimelege leirduepatroner.
Kammerlengde
Når dei aller fleste nye kaliber 12- og 20-hagler har 3 toms/76 mm kammer er dette lite å studere på. Både 70 og 76 mm patroner kan skytast like greitt i tretoms kammer, 65/67,5 mm patroner og for den del. I kaliber 16 er 70 mm lengste kammerlengde.
Det viktige er å aldri skyte for lange patroner!
Mekanisme
Dobbelløp eller enkeltløp, over/under eller sideligger, halvauto eller pumpehagle?
At dobbeltløpa brytevåpen er mest praktisk og fornuftig for den som skal kjøpe sin første hagle er lite å diskutere.
Heller ikkje at o/u kaliber 12 er mestseljande i dag. Så kan ein argumentere for sideliggerhaglas fordelar i smekker linjeføring, som fuglehagle, sikteplan eller kva det måtte vere. Uansett er utvalet av nye hagler til fornuftig pris størst i o/u kaliber 12.
Sjølv om halvautohagle til treningsskyting har fordelen av snillare rekyl, er likevel ikkje halvautoen like velegna som jakthagle for nyjegeren. Og det mest på grunn av at open brytehagle er enkel måte å viser sikker våpenføring, og at brytehagler generelt har sikrare sikring.
Løpslengde
Som i mykje anna er den gyldne middelveg mest passande i løpslengde og. Når vanleg lengde på hagleløp er frå 68 til 72 cm er det på grunn av at dette gjennom mange år har visa seg å vere greitt nok for dei fleste til det meste. Lengre hagleløp kan ha ein fordel i å medføre jamnare sving, kanskje og i lengre siktelinje. Om ein i det heile kan bruke uttrykket siktelinje om hagleskyting, pekelinje er vel meir dekkande.
Mindre løpslengde kan kanskje gje kjappare sving og reaksjon, men og meir smell og dårlegare sving. Rundt 70 cm med eit par cm opp eller ned er greitt nok for dobbelløp, litt mindre kan vere like greitt for halvauto og pumpe til jakt.
Trangboring
Kvart og halv trangboring er fornuftig i dobbeltløpa jakthagler!
I dag er dei fleste hagler utstyrt med utskiftbare chokar, med dei fordelar og ulemper den slags medfører. I dobbeltløpa hagle er kvart og halv trangboring allsidig, i enkeltløpa hagle er kvart trangboring passa til haustjakt uansett om hagla har fast eller utskiftbar trangboring. Jamt over, og på fornuftig skyteavstand, er i overkant open boring mindre feil enn upassande trong trangboring. På ufornuftig skyteavstand hjelper ingen grad av trangboring.
Tilpassing skjeftemål
Sjekk at kolben har riktig cast-off/on
Sjølvsagt er det er best og mest fornuftig å kjøpe hagle med skjeftemål som passar frå første skot. Hagleskyting er vanskeleg nok som det er for dei fleste, å gjere det endå vanskelegare for seg sjølv med upassande skjefte er slett ikkje nødvendig. Men kva er passande skjeftemål? Det er vanskeleg å svare på, særleg når kjøparen er så utrena at han/ho knapt nok kan legge an hagla likt frå gong til gong. Reint generelt er høg kolbekam betre enn for låg. For det første har mange hagler ennå litt låg kolbekam, for det andre er det enklare å ta av litt treverk enn å legge på. Det same gjeld for så vidt kolbelengde, det er enkelt nok å ta av. Så er det vel ennå litt gamal lærdom i det at det er enklare å treffe med ein kolbe som er litt stutt enn med kolbe som er for lang, særleg om seinhausten når ein er godt kledd på jakt. At løpa skyter og kolben treffer er eit gamalt ordtak, likevel er trening meir viktig enn kolbetilpassing. Den som har vanskeleg for å tru dette får ta seg ein tur for å sjå på dei som kan treffe med hagla opp-ned, under armen, over hovudet etc. etc. Her er trening løysinga, ikkje kolbetilpassing!
Det ein uansett bør sjekke er om haglekolben har litt cast-off for høgrehendte. Cast-off betyr at kolben bakover mot kolbekappa skal svinge litt ut til høgre, dette for å plassere sikteauga rett over baskyle/bakkant av sikteskinna med kolbekappa i skuldra. Motsett for linksskytteren med venstre som sikteauga og kolben i venstre skulder.
Sikring
Dei aller fleste dobbeltløpa jakthagler har såkalla «automatisk sikring», det vil si at sikringa går bakover til sikra stilling i det topleveren vert trykt sidevegs for opning av hagla. Konkurransehagler har vanlegvis manuell sikring – sikring som skyttaren sjølv må flytte fram eller tilbake. At automatisk sikring er sikrast er ei vanleg tru, men når jegeren sjølv alltid er ansvarleg for eigen og andres sikkerheit, uansett sikring, har automatisk eller manuell sikring mindre betydning. Jamfør med jaktrifla der automatisk sikring glimrar med sitt fråver. Uansett om sikringa er automatisk eller manuell skal det alltid sjekkast og dobbeltsjekkast at sikringa er på etter lading. Hagle som rifle. Vel så viktig for eigen og andres sikkerheit, er såkalla dobbeltvirkande sikring på hagla. Sikring som, i tillegg til å sikre avtrekker/avtrekkerstenger, og sikrar mot hanefall. Som regel har dobbeltløpa jakthagler dobbeltvirkande sikring, men ikkje alle. Heller ikkje magasinhagler med trykknappsikring i avtrekkerbøylen. Sjølv om jegeren stort sett er det svake punkt i sikkerheit med våpen, gjev likevel dobbeltvirkande sikring litt ekstra sikkerheit, for eksempel ved fall eller andre støyt og slag mot ladd hagle.
Artikkelen ble opprinnelig publisert i Småviltjakt
Denne saken ble første gang publisert 22/06 2019, og sist oppdatert 11/09 2020.