Europeisk kvalitetsvåpen
Første test av nye Sauer 303!
Dette har eg venta på lenge – ei ny halvautorifle frå Sauer!

Ikkje på grunn av manglande presisjon eller dårleg avtrekk i ”gamle” Sauer 303, nei derimot på grunn av at ikkje alle av første generasjon Sauer 303 alltid fungera slik ei halvautorifle skal. Heilt klart eit problem for ein av dei eldste og mest tradisjonsrike produsentar av europeiske kvalitetsvåpen.
Rett nok hadde ikkje alle Sauer 303 like store funksjonsproblem, enkelte patroner krangla meir enn andre. Verst i så måte var nok 300 Winchester Magnum, ladeproblema var mindre med normalpatroner som 308 Winchester, 30–06 og 8x57 IS. Uansett fekk 303 eit dårleg rykte, og var vel meir av eit svart kapittel for Sauer enn ein suksess.
Jamnare, rettare og mer konsis

Men frå og med i år er gamle Sauer 303 historie, nå er det nye Sauer 303 som gjeld. Og sjølv om ny halvauto frå Sauer slett ikkje kom som ei overrasking, er det motsette tilfelle for modellnummeret. Eg var rimeleg sikker på at når Sauer endeleg kom med ny og forbetra halvautorifle, ville den og få eitt nytt nummer. Om det var fornuftig å bruke same, gamle modellnummer på ny rilfe, vil tida vise.
Tretten skribentar var invitert til første testskyting med nye Sauer 303. Sju frå forskjellige land i Europa, seks tyske. Dagen starta med gjennomgang av, og innføring i, kva som er endra i nye 303 i forhold til den gamle. Dei viktigaste endringane for å oppnå prikkfri funksjon er nytt gassutslepp, ny returfjør og nytt sluttstykke med endra låsing. Ein viktig effekt av endringane er at nye 303 har fått jamnare, rettare og meir konsis ladetid, i motsetning til gamal modell der omladningstida kunne variere ein heil del. At ny 303 i starten bare vert levert i 308 Winchester, 30–06 og 8x57 IS er nok og eit resultat av tidlegare problem med andre patroner. Av andre nyheiter er forkromma løp og kammer, Black Magic avtrekk, Sauer Universal Mount, MagLock og multiverktøy i fremre reimfeste i alle modellar.
Modellar som er tilgjengelige er Sauer 303 Classic XT, Synchro XT og Select/Artemis. I tillegg kan alle leverast med justerbar ErgoLift kolbekam. Ein annan detalj er at baksjeftet på nye 303 har same profil som 404. Greitt nok det, og sikkert ein fordel produksjonsmessig.

Small jamt og trutt
Etter gjennomgangen av nye 303, var alt klart for testskyting i skytekino. Tre stasjonar med fire forskjellige 303 i same kaliber på kvar stasjon. Først 308 Winchester med Classic XT, Synchro XT, Select og Select med ErgoLift kolbekam. Same oppsett i 30–06 og 8x57 IS. Alle skribentar fekk prøveskyte alle rifler med eit variert utval av patroner, frå rimelege treningspatroner til premium jaktpatroner.
Litt presisjonsskyting vart det og, men dei fleste bruka mesteparten av tida på kjapp skyting mot talrike villsvinflokkar med større eller mindre fart i skytekinoen. Kor mange skot som gjekk med har eg ingen aning om, men det var mange. Med tre skytterar i aksjon samtidig, der alle fekk ferdig oppfylte femskotsmagasin og kunne bytte frå varm rifle til litt mindre varm rifle, small det jamt og trutt. Og det utan ei einaste forkiling, funksjonsfeil eller klikk. Det var bare å sette inn fullt magasin, ta ladegrep, trykke oppspenner opp og fram og 303-en var klar til skot.

Ei av dei beste
Som forgjengaren har nye 303 like godt avtrekk som dei beste boltrifler, og med god skjefteform og balanse er dette halvautorifle for kjappe skot på drivjakt. Få, om nokon, halvautorifler har avtrekk i klasse med nye Sauer 303. Om funksjonen er like sikker og prikkfri som den var i denne første testskytinga, kan nok ein del ettersøksjegerar med lyst på både oppspenner og halvautomat vurdere nye 303. Å gå som ettersøksjeger og ha nedspent, sikker rifle med patron i kammer, og likevel umiddelbart vere klar til kjappe skot mot innkomande villsvin i tetta, er ein klar fordel sikkerheitsmessig. Til andre ettersøk og, forresten. Nye Sauer 303 er slett ikkje blant dei rimelegaste halvautorifler, men absolutt ei av dei beste å skyte med.
Artikkelen ble opprinnelig publisert i Jakt