Reingjering av lintapet
Eg har lintapet i stova. Tapetet vart sett opp kring 1980. Ønskjer no å reingjera han. Korleis gjer eg det, utan å skade tapetet?
Helsing Tone.
Hei Tone!
For reingjering av lintapet er det berre lett støvsuging som er å tilrå. Dersom det vert nytta vatn eller damp, vil det kunne gje skjoldar og i verste høve leia til at tapetet lausnar.
Helsing Enrico.