Oppdragelse og kjønnsroller
- Eg ser det heile tida, feministmødre som unnskylder prinsesseskjørt
Som om jenter som pyntar seg ikkje kan bli høgsterettsjustitiarius.
KOMMENTAR:
Eg elskar å vera den rare tanta. Ho som ligg i graset med tantebarna og peikar mot skyene. Er det ein hund, er det ei tann, er det eit klovneansikt? Å vera eit lodd som dreg dei mot det kreative og opne, å vera strøsselet på vaniljeisen, det er ei rolle eg har casta meg sjølv til og er veldig komfortabel med.
Med nevøen min pratar eg i timesvis om kjensler, kjærastar og fantasiverder. Niesa mi spør eg om bøkene ho les og vatnar ambisjonsfrøa hennar med heiarop og interesse. Aldri treng eg å adressera hans glødande entusiasme for Lego eller at ho såvidt har begynt å bruka sminke.
Ei ubehageleg innsikt
Men no som eg sjølv inkuberer ein liten person, kjem eg veldig nær ansvaret for første gong, og det har opna nokre nye dører i tankane mine. Aller fremst fann eg ei ubehageleg innsikt om at sjølv kor mykje eg har trudd det motsette, behandlar eg born heilt ulikt, utifrå kjønna dei har.
Eg prøver alltid å dempa hårsnakk hos jenter og gravemaskinsentusiasmen hos gutar. Det er impulsar skapt av feminismen min, som i utgangspunktet handlar om å ikkje pressa ungane inn i den A4-forma samfunnet har født dei inn i.
Men da går ein òg utifrå at dei ikkje eigentleg vil snakka om desse tinga. At dei eigentleg, under laga av undertrykking og press, er heilt andre personar enn dei gir seg ut for. At dei ikkje eigentleg er velfungerande, lykkelege born, men offer for strukturar i samfunnet.
Kjønnsroller og oppdraging
Om eg er ærlig med meg sjølv, ønsker eg meg heilt klart jenter som klatrar på dei øverste greinene i treet og gutar som sit på kjøkenbenken og dinglar med beina.
Eg har alltid gjort det, lengta mot dei modige jentene og dei mjuke gutane (og til og med kanskje valt vennene mine etter desse kriteria).
Annleis-ungane
Eg vil vera mora som får annleis-ungane. Born som veks opp utanfor det som blir forventa av dei. Sjakkspelardøtre og sjukepleiarsøner. Eg har ikkje lyst på fotballgutar og prinsessejenter, og det går kaldt gjennom meg når mamma fortel meg at ho så inderleg håpar babyen min er ei jente så ho kan få strikka kjolar.
Det stressar meg vilt å tenka på å snakka med ei dotter om hår og klede, men eg ville elska å snakka om det samme med ein son. Det gjer meg både trist og redd å innsjå det, kor mykje det handlar om meg og korleis eg skal framstå som mor og feminist.
Unnskylder prinsesseskjørt
Eg ser det heile tida òg, feministmødre som unnskylder prinsesseskjørt, fordi dei føler at det får det til å sjå ut som om dei har svikta i oppdraginga. Som om dei har øydelagt noko. At jenter som pyntar seg ikkje kan bli høgsterettsjustitiarius og at gutar som likar traktorar ikkje blir likestilte menn. Og det er ikkje berre feil i fakta, det er innmari urettferdig.
Men eg er jo så innmari klar over det. Og likevel er eg her med mine eigne boksar å pressa dei inn i, og eg er berre halvvegs inn i min første graviditet. Mine boksar har andre former og fargar enn A4-boksen, men romma er like tronge og like fulle av skrot.
Så: før sommaren kjem, må eg rydda.