Hei. Vi bur i Sandane i Nordfjord, i eit privathus oppført i 1992. Eigendomen omfattar også et atelier der vi pusser opp gamle møblar og malar bilder. Interiøret vårt er stort sett bygd opp av loppefunn og brukte møblar som har fått eit nytt liv hos oss. Stilen må vel kunne kallast blanding av alt vi likar, shabby, industriell og romantisk. Huset inneheld i tillegg til avbilda rom også fire soverom til, kjellarstove, og eit bad til. Det ligg i ein spennande hage, med dukkehytte og drivhus, og ein nydeleg utsikt over fjord og fjell.
Helsing Bodil og Audun
Denne saken ble første gang publisert 13/02 2013, og sist oppdatert 24/06 2017.